Når:
17. oktober 2018@19:00-20:30
2018-10-17T19:00:00+02:00
2018-10-17T20:30:00+02:00
Hvor:
Nedre Eiker bibliotek
Klopptjernsgata 4
3050 Mjøndalen
Norge
Pris:
100,00
Kontakt:
Et samarbeid med Folkeakademiet Nedre Eiker.

Historien om dei to søstrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den lille plassen Rui på Dalen i Telemark,
som fekk vitje kongen, var kjent og kjær i si samtid, og framleis vekkjer den gjenklang hjå mange. Ingerine
og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midler til å gjera arbeidet lettare, levde dei
etter far deira sin filosofi om nøysemd. Kva er det vi moderne menneske ikkje klarar å sjå, men som dei så
klart og tydleg såg, der dei streva og arbeida oppe på sitt vakre, men akk så beskjedne Rui? Og korleis vert
to søsken forma av kvarandre etter å ha levd eit liv i tosemd, og i gjensidig avhengighet? I framsyninga får
me møte Ingerine og Gurine, og ta del i deira liv. Me møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum
i salen, og får være med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Teater Fabel sitt ynskje er å gje publikum eit
nært, varmt og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, undring og ettertanke.
Et samarbeid med Folkeakademiet Nedre Eiker.